vestestoff

Eg heiter Laila Thastum, født 1976. Eg er utdanna handarbeidslærar og er svein i handvevarfaget. Eg har heile mitt liv interessert meg for tekstil, drakttradisjonar og handarbeid. Som handvevar er eg med på å ta vare på  kunnskapen om eit gammalt handverk, som før vart ivaretekne på dei fleste gardar i Noreg.

I 2009 starta eg eiga verksemd, etter mange år med tekstilutdanning og arbeidserfaring frå Skyttelvev. Mitt mål er å veve kvalitetstekstilar til bunader i Noreg og spreie kunnskapen om dette handverket til andre med tekstilinteresse, gjennom kurs, open verkstad og lærlingplass.

Våren 2010 mottok eg Statens Kunstnarstipend. Under gruppa folkekunst blei eg tildelt eit stipend på 10 000 kr til kurs/viderutdanning i tradisjonelle norske vevteknikkar.

Sommaren 2010 blei eg dertil tildelt pengar frå Innovasjon Norge til investeringar og nyskapning i bedrifta.   

Copyright ©  www.handveveriet.no   -  2010

 

Verkstaden er utstyrt med 3 vevstolar med kontramarsj. Ein av dei med dragrustning i tillegg. Bredda på vevane er frå 120cm til 160cm. Her finst og symaskin, plantefargekjøkken og kurslokale.